Whats
new?
            - REVIEWS
Suveren Huke

Endeleg eit album frå Kirsti Huke, songsvala frå Melhus med base i Trondheim, som har gledd oss lenge som vokalist i store og små band. Det er mest kjende songar frå jazzboka ho syng på albumet «Deloo», men når høyrde vi sist nokon syngje musikalklassikaren «Maria»? Kirsti gjer det sterkt, vakkert og med bravur, slik ho gjer det med Duke Ellingtons «Caravan», Pink Floyds «Wish You Were Here», Bob Dylans «Not Dark Yeat» og mange andre, ikkje minst med Michel Legrands «I Will Wait For You», ein av dei første songane ho hadde på repertoaret. Vigleik Storaas (piano), Steinar Raknes (bass) og Erik Nylander (trommer) er det framifrå tonefølgjet på ein overlegen platedebut frå Kirsti Huke.

Roald Helgheim, Dagsavisen
29.9.07
Currently touring with
brand new material - drop
by the tour-page for
new concert dates!

31.7.07
Kirsti released her brand new webpage, enjoy!